Kaptein Kjell er Kongen i 2020

Vår trofaste samarbeidspartner K-Rekneskap fra Ørsta deler i år igjen ut K-Prisen og årets vinner er kaptein Henrik Kjelsrud Johansen.

K-prisen for 2020 går til Henrik Kjelsrud Johansen. Henrik har kjempa knallbra, både med og utan ball, og leia laget på ein kjempegod måte. 

Etter våre vurderingar, så har alle lagt ned ein kjempeinnsats, men totalt sett gjennom heile sesongen, så er Henrik årets spelar for oss.

Alle oss to i K-Rekneskap AS, har mellom anna lagt vekt på kampvilje, klokskap, kreativitet, kapasitet, karisma, kjær-leik, kongemål, kontringsevne, kårner-e-mål, kanonskot og krempasningar.

Vi gratulerer Kaptein Kjell med den høgt hengande og prestisjefylte K-prisen for 2020.

All heider og ære, og kr 5 009,- til Henrik, og eit tilsvarande bidrag til Klubben i våre hjarter.

Annonse fra Eliteserien: