K-Rekneskap på besøk hos FFK
Kul tur til Plankebyen og FFK
Vi videresender en liten hilsen fra våre samarbeidspartnere fra Ørsta.
I andre halvdel av august, var alle tilsette i K-Rekneskap AS på tur til fotballens vogge i Noreg. Det var «sterke saker» for vanlegvis to nøkterne rekneskapsførarar frå Ørsta.
Vi fekk med oss to heimekampar på rad, der FFK som vanleg briljerte med godt spel. I tillegg var det veldig interessant å få vere «observatør» på alle treningane i mellom desse kampane.
Dette gav oss eit godt innblikk i metodikken fram mot neste kamp. Stemninga på treningane var veldig positiv, og prega av godt samhald.
Under opphaldet vårt, så fekk vi god kontakt med guttane, trenarane og folka i administrasjonen. Vi har fått større innsikt i kva som ligg bak den framgangen som FFK har.
FFK er heilt klart ein inkluderande klubb. Tusen takk for den store gleda dette gav oss!
Etter dette besøket har dessverre Arnbjørn blitt alvorlig syk. Vi sender han varme tanker og ønsker han all god bedring.
.jpg)