K-PRISEN 2020 – KJEMP!!!

Våre samarbeidspartnere fra Ørsta, K-Rekneskap, er klare for ny sesong med FFK og K-Prisen vil også i 2020 deles ut til den beste spilleren gjennom sesongen.

Kom igjen, kara! Vis dykk fram frå dykkar beste side allereie i den første treningskampen den 1. februar. Då startar vi evalueringa for K-Prisen 2020. Vi legg mellom anna vekt på kampvilje, klokskap, kreativitet, kapasitet, karisma, kjær-leik, kongemål, kontringsevne, kårner-e-mål, kanonskot og krempasningar.

K-Prisen er basert på innsatsen i alle kampane gjennom heile sesongen. Vi får vanlegvis med oss 5-6 kampar heime og borte. Elles strøymer vi alle kampar via Fredrikstad Blad.

Anno 2015 kåra vi Simen Rafn til årets spelar. Både i 2016 og i 2017 var det Filip Johansen Westgaard, som etter vår meining, var den beste. I 2018 innførte vi ein pengepremie til vinnaren. Dette året var det  Joona Veteli som fekk K-Prisen, og i 2019 var det Håvar Grøntvedt Jenssen.

Alle oss to i K-Rekneskap AS, vil vere særs glade om K-Prisen kan vere med å utgjere ein skilnad.

Kjemp!!!

Med kjempehelsing frå K-Rekneskap AS

v/Maria T. og Arnbjørn

Annonse fra Eliteserien: